Skreven av Solveig Brunvoll, tidlegare medarbeidar i Jussbuss og styremedlem i Rettspolitisk foreining (Rpf).

Utlendingar som har vore lenge i Noreg, studert, deltatt i arbeidslivet, stifta familie, fått seg venner og etablert seg, kan etter kvart søke om norsk statsborgarskap. Dette er ein viktig rett utlendingar har, fordi den formaliserer bandet mellom staten og borgaren, og viser at statsborgaren er ein del av det norske samfunnet.
Statsborgarskap kan trekkast uavhengig av kor lenge ein har vore i Noreg
Dei seinare åra har styresmaktene prioritert store ressursar til å gå gjennom gamle saker i utlendingsforvaltninga for å sjå om det er nokon som kan ha fått statsborgarskap på uriktig grunnlag. Etter statsborgarlova § 26 kan eit statsborgarskap trekkast tilbake dersom ein har gitt uriktige opplysingar som har vore vesentlege for vedtaket, og dette er gjort mot betre vitande. Dette gjeld i utgangspunktet uavhengig av kor lenge ein har vore i Noreg, og ei slik sak om tilbakekall kan difor opprettast mange år etter statsborgarskapet først er innvilga. Den som blir fråtatt statsborgarskapet sitt kan risikere å bli utvist og sendt tilbake til landet dei kom frå, dersom dei ikkje får innvilga eit nytt opphaldsløyve i Noreg.
Rettssystemet vårt er generelt utforma slik at forhold langt tilbake i tid blir forelda. Dette har fleire omsyn bak seg, blant anna at dess lengre tid som går dess meir krevjande er det å innhente gode bevis, i tillegg til at enkeltpersonar og samfunnet har eit behov for å kunne legge ting bak seg og gå vidare utan å bekymre seg for fortida. Til dømes meiner ein at det ikkje alltid er verdt ressursane det kostar å til dømes fjerne gamle bygg eller brygger bygga utan naudsynt løyve, eller å fremje 20 år gamle pengekrav. Til og med i straffesaker om til dømes grovt ran eller grov valdtekt blir straffansvaret forelda når det har gått lang nok tid, jf. strl. § 86.
Så kvifor finst det ikkje ei tilsvarande foreldingsfrist når det gjeld tilbakekall av statsborgarskap?
Belastande og ressurskrevjande prosessar
Lange prosessar er belastande for den saka handlar om, men òg ressurskrevjande for forvaltninga. Etter kvart som tida går blir bevissituasjonen utfordrande for begge partar, og svake bevis gjer vedtaka meir usikre og aukar sannsynet for uriktige vedtak. For nokre grupper kan det i tillegg vere vanskeleg å dokumentere forhold langt tilbake i tid grunna høva i heimlandet. Dette gjeld særleg flyktningar, som gjerne kjem frå land med ein dårleg fungerande sentraladministrasjon der offentlege papir generelt sett har svært låg truverd. Dette er eit tankekors, sett opp mot kor inngripande eit vedtak om tilbakekall er.
–Etter kvart som tida går blir bevissituasjonen utfordrande for begge partar, og svake bevis gjer vedtaka meir usikre og aukar sannsynet for uriktige vedtak.
Høgsterett: Uproporsjonale tilbakekallingar
Ved starten av året behandla Høgsterett to saker om tilbakekall av statsborgarskap. I sakene hadde statsborgarane over 30 års butid i Noreg, og Høgsterett kom i begge sakene til at tilbakekall ikkje var proporsjonalt. I forhandlinga i Høgsterett blei det drøfta kva det hadde å seie at Stortinget ikkje hadde gått for å innføre ein foreldingsfrist i nettopp tilbakekallsaker. Høgsterett presiserte i HR-2025-260-A at ved svært lang butid kan tilknytinga til Noreg vere så sterk at tilbakekall vil vere utelukka. Etter denne presiseringa er det liten grunn til å framleis halde statsborgarsakene i ei særstilling utan ei frist for forelding. Med lange saksbehandlingstider og ei pressa forvaltning, er det vanskeleg å sjå korleis det er ei riktig prioritering å opne tilbakekallsaker for dei med så lang butid i Noreg.
Eit mål om ro og tryggleik
Eit norsk statsborgarskap er viktig for at ein skal kunne slå seg til ro og føle seg trygg på at ein er ein del av det norske samfunnet og fellesskapet. Det er difor på høg tid å innføre ein frist for når utlendingsforvaltninga kan opne ei sak om tilbakekall av statsborgarskap.
Les også:
